Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusbygg

SNR: Utforsker sykehusmodellar

Arkitektene i Nordic har utforsket flere modeller for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Nå foreligger fem av modellene.

Publisert 22.08.2019
Sist oppdatert 01.08.2022
Diagram

– Modellane er forslag på korleis ein kan utnytte tomta best mogeleg, og korleis ein kan skru saman hovudkomponentane i sjukehuset, skriver Helse Møre og Romsdal på nett, og fortsetter:

– Dette er arkitektane si første utforsking av bygg og tomt. Alternativet ein går vidare med inn i skisseprosjektet kan ha basis i ein av desse modellane, og trekke med seg eigenskapar frå andre. Eller det kan utviklast ein ny modell. Skisseprosjektet skal etter planen starte over nyttår

Startar breitt

Arkitektane sitt møte med hovudgruppa (sjå under) denne veka gjekk ikkje ut på å velje ein bestemt modell, men å få lagt fram ulike alternativ.

– Mange av modellane vil aldri bli aktuelle å ta med seg vidare, men det er viktig å starte breitt og så snevre inn, seier prosjektleiar for Sykehusbygg, Pål Ingdal.

Han understrekar at publiseringa av modellane er for å vise kor dei er i prosessen. Dei viser ikkje korleis det nye sjukehuset kjem til å sjå ut, det kjem til å bli mykje endringar.

Gull verdt

– Når vi fekk sjå nokre av modellane som arkitektane jobbar med, gav det ein ny dimensjon i arbeidet som førte til gode drøftingar i møtet, fortel prosjektleiar i Helse Møre og Romsdal, Astrid Johanne Brandshaug.

Ho legg også til at sjølv om dei ser på sjukehusmodellar no, så ser dei også heile tida på spesialithelseteneste-tilbodet i Kristiansund.

– Når vi utforskar ulike modellar for akuttsjukehuset, må vi også tenke på innhald og størrelse i det framtidige spesialisthelseteneste-tilbodet i Kristiansund. Ei visualisering hjelper oss også med dette, seier Brandshaug.

Arkitektane i Nordic Office og Architecture skildra innspela som «gull verdt» i det vidare i arbeidet med mogelegheitsstudiet. Det er styret i Helse Møre og Romsdal som til sist avgjer kva modell som skal bli med vidare til skisseprosjektet.

SNR: Siste nyhetbrev

SNR: Tidsplan 1015–2016

FAKTA

Hovudgruppa i konseptfasen

  • Skal ha heilskapsperspektivet på planlegginga, og vere av overordna og strategisk art.
  • Følgjer konseptfasen heile vegen til ferdig konseptrapport ligg føre, og skal vere ei overbygging i gruppestrukturen som består av mange grupper som arbeider på eit meir detaljert nivå.
  • Har også ei viktig rolle i fasen med moglegheitsstudien og hovudfunksjonsprogrammet (HFP), og vil vere med på å ferdigstille og kvalitetssikre konseptrapporten.
  • Saman med leiargruppa i Helse Møre og Romsdal, vil hovudgruppa også gi råd til administrerande direktør i SNR- saker som han skal avgjere, eller som han skal fremme ovanfor styret.

Samling

HOVUDGRUPPA PÅ BYGGETOMTA: F.v.: Ann Helene Skare, brukerrepresentant HMR – Steinar Waksvik, brukerrepresentant (vara) HMN – Mona Aagaard-Nilsen, klinikksjef Klinikk for drift og eiendom – Sigurd Torvik Heian, medisinsk faglig rådgiver Klinikk for prehospitale tjenester – Gudrun Karlsen, seksjonsleder Klinikk for kirurgi Kristiansund – Charles Austnes, FTV NSF – Anita Kvendseth, avdelingssjef Klinikk for kirurgi Molde – Tarjei Rønning, overlege Klinikk for medisin – Torstein Hole, klinikksjef Klinikk for medisin – Kristen Rasmussen, FTV OF – Helge Ristesund, ass. adm. dir. – Astrid Johanne Brandshaug, prosjektleder SNR – Merete Hagbø, prosjektleder SNR – Pål Ingdal, sykehusplanlegger Sykehusbygg – Sigbjørn Lid, overlege Klinikk for kirurgi Volda – Gunn Håberget, sykehusplanlegger Sykehusbygg – Ketil Gaupset, klinikksjef Klinikk for psykiatr i– Hans Christian Ofstad, klinikksjef Klinikk for kirurgi Kristiansund. Med i hovugruppa men ikkje på biletet: Bjarte Jensen, hovedverneombud HMR – Odd Arvid Lange, overlege Klinikk for kirurgi Ålesund – Heidi Nilsen, økonomidirektør HMR – Atle Tangen, brukerrepresentant HMR – Anne Strand Alfredsen Larsen, rådgiver Avdeling for strategi og utvikling – Liv Haugen, prosjektleder programmering Sykehusbygg – Bjørn Remen, prosjektdirektør Sykehusbygg. Foto: Hilde Merete Tradin

​Modellene ser slik ut: 

Illustrasjonsbilde

"Base med tårn"

Illustrasjonsbilde

"Hus"

Illustrasjonsbilde

"Terassert"

Illustrasjonsbilde

"Stenger"