Les Høyringsbrev – Konseptrapport for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Les Konseptrapport SNR
Helse Møre og Romsdal HF har nå sendt konseptrapporten for prosjektet Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) ut på offentleg høyring. Mandatet for konseptfasen er å sikra eit grunnlag for å kunne gå vidare med forprosjekt i 2017.
Meir informasjon om prosjektet finnast på Helse Møre og Romsdal sine nettsider her.
I konseptfasen er det utgreidd følgjande alternativ for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal:
- Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, med eit godt poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.
- To ulike verksemdsalternativ for innhaldet i spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund.
- Basert på dei to verksemdsalternativa for spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund, har vi vurdert alternativa plassert både i dagens Kristiansund sjukehus og i nye lokale.
Styret har ifølge styreleiar Stein Kinserdal ikkje teke stilling til kva alternativ som er det beste. Derfor oppmodar dei alle aktørar som blir påverka av prosjektet om å gje innspel og synspunkt for å kunne få eit så godt avgjerdsgrunnlag som mogleg.
For meir informasjon om vidare arbeid og høyringskonferansar, sjå https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2016/velkommen-til-hoyringskonferanse-om-snr
Gode møter i Molde og Kristiansund
Informasjon og dialog om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) var målet da leiinga i Helse Møre og Romsdal og prosjektorganisasjonen for SNR møtte tilsette, politikarar og befolkninga i Molde og i Kristiansund.
Les mer om resultatene fra møtene her.