Kontrakt for utstyr til prontonsentra i Noreg signert

Protonsentra ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus skal gje betre kreftbehandling til pasientar i heile landet. 2. mai vart kontrakten med utstyrsleverandøren Varian Medical Systems signert både i Oslo og Bergen.

-Målet med protonterapi er å redusere langtidsskadar frå strålebehandling, og bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom. Når avtalen med Varian Medical Systems, selskapet som skal levere utstyret til protonsentra i Oslo og Bergen no er signert, har vi fått eit nasjonalt løft for kreftpasientar i heile landet, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.

Jamn konkurranse
Anbodet er gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Fire leverandørar vart prekvalifisert, tre av dei valde å levere tilbod. Tilboda er evaluert på kriteria total kostnad (vekta 60 %) og kvalitet (vekta 40 %). På evalueringskriteriet kvalitet vart alle tilboda vurdert som svært bra, og kun med mindre skilnader på dei ulike kvalitetskriteria.

-Varian Medical Systems leverte det tilbodet som totalt sett har det beste forholdet mellom kostnad og kvalitet, og scora best på summen av evalueringskriteria. Selskapet er ein av dei største leverandørane av stråleutstyr til kreftbehandling på verdsbasis, og selskapet har eller skal levere protonutstyr til 24 andre sentre. Varian Medical Systems har også over 8000 medisinske lineær akseleratorar installert verda over. Vi ser frem til et godt samarbeid med ein erfaren leverandør, seier Cathrine M. Lofthus, administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF.

Kostnaden for utstyrsanskaffinga er innanfor budsjett for begge prosjekta.

Godt samarbeid
Utstyrsanskaffinga til protonsentra i Helse Sør- Øst RHF og Helse Bergen HF er gjennomført som eit nasjonalt prosjekt, med prosjektleiing frå Sykehusbygg HF. Det har vore innleidd bistand til juridisk rådgjeving frå Kluge Advokater, Sykehusinnkjøp HF har vært innkjøpsressurs. Det har også vore god bistand frå fagmiljøa ved Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus.

-Samarbeidet med alle involverte har vore svært godt, og tilbakemeldingane frå dei involverte tilbydarane er også positive. Dette er den største utstyrsanskaffinga i regi av Sykehusbygg, og den første kor det har vore eit formelt samarbeid mellom Sykehusbygg og Sykehusinnkjøp, seier fagansvarleg for utstyr i Sykehusbygg, Kjell Olav Lyngsmo.

Oppstart i 2023 og 2024
No er det byggeprosjekta ved dei to føretaka som i stor grad skal vidareføre samarbeidet med Varian Medical Systems.

-Signering av kontrakten inneber at vi no kan gå frå førebuingar og planlegging til bygging og gjennomføring. Utstyrsanskaffinga legg premissene for bygga og dei tekniske anlegga, og avklaring av utstyrsleveransane er heilt avgjerande for framdrifta i protonprosjekta, seier Eivind Hansen.

 

Fakta om protonbehandling

  • Stadig fleire pasientar overlever kreft, men langtidsbiverknadar er eit aukande problem fordi intens medikamentell behandling og stråling vert nytta i behandlinga.
  • Stråleterapi er i kontinuerlig endring; protonterapi har vakst fram i løpet av dei siste par tiåra, teknologien har vore kjent sidan 1940-tallet. No vert det bygd protonterapianlegg ved sjukehus og stråleterapiklinikkar verda over.
  • Protonbehandling er ei meir presis behandlingsform enn konvensjonell strålebehandling. Ved at strålinga blir betre tilpassa til kreftvevet, blir det gitt mindre stråling til det friske vevet. Dette gjer at protonterapi kan gje færre langtidsbiverknadar.
  • Målet med protonbehandling er å redusere langtidsskadar frå strålebehandling, og bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom.
  • Sidan protonbehandling er meir skånsam enn ordinær strålebehandling, er den mellom anna godt eigna for barn og unge ved at dei får mindre seinverknadar. Behandlinga vil også vere viktig for unge vaksne med lang forventa levetid.
  • Basert på dagens kunnskap reknar ein med at mellom 10 og 15 prosent av pasientane som blir tilvist til strålebehandling vil ha betre nytte av protonterapi. Dette utgjer om lag 1000-1500 pasientar per år i Noreg.
  • Ved å bygge to behandlingsrom i Oslo og eit i Bergen vil man kunne tilby protonterapi til om lag 5 % av stråleterapipasientane.

Bildetekster:

Protonsignering_foran mur:
Utstyrsanskaffinga til protonsentra er gjennomført som eit nasjonalt prosjekt, med prosjektleiing frå Sykehusbygg HF. Her er vinnarane saman med deler av temaet som har stått bak anskaffinga; frå venstre prosjektleiar Odd Harald Odland frå Haukeland universitetssjukehus, visepresident David Scott frå Varian, rådgjevar Hilde Eiken frå Sykehusinnkjøp, fagansvarleg for utstyr i Sykehusbygg Kjell Olav Lyngsmo, administrerande direktør Ole Hagen Laustsen frå Varian, administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen og salgsdirektør Mouhcine Chergou frå Varian.

Prontonsignering_kake:
Administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen gjev teamet frå Varian Medical Systems ei hjelpande hand ved kakefeiringa under kontraktsigneringa.

Prontonsignering_hansen og Varian:
– Vi gler oss til samarbeidet, konkluderte administrerande direktør Ole Hagen Laustsen frå Varian Medical Systems Scandinavia og administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen då dei gav kvarandre eit handtrykk etter signeringa.

Protonsignering_team i parken:
Utstyrsanskaffinga til protonsentra er gjennomført som eit nasjonalt prosjekt, med prosjektleiing frå Sykehusbygg HF. Her er vinnarane saman med deler av temaet som har stått bak anskaffinga; bak frå  venstre; rådgjevar Hilde Eiken frå Sykehusinnkjøp, fagansvarleg for utstyr i Sykehusbygg Kjell Olav Lyngsmo og salgsdirektør Mouhcine Chergou frå Varian. Foran frå venstre; prosjektleiar Odd Harald Odland frå Haukeland universitetssjukehus, administrerande direktør Ole Hagen Laustsen frå Varian, administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen og visepresident David Scott frå Varian.


Del på Facebook Del på Twitter Del på mail